Kva er den norske stat? Fungere den norske regjeringa for folkets beste?

in #norsk7 years ago

Det eg tar opp i denne artikkelen vil kanskje nokon synast er litt på kanten, men er spørsmål som bør vurderast og reflekterast på. For det er spørsmål som spør om Norges stats makt er moralske i sine lover og handlingar. Eg vil ikkje nødvendigvis ha nokon klare løysning alternativ på problemstillinga, men det er ikkje direkte hensikten heller. Hensikten er meir å starta ein tanke og kanskje dykk som lese kan komme fram til noko meir fungerande mulige løysningar.

Det er snakk om lover, skatt og korleis det henger saman med folkets syn på staten Norge i forhal til kva staten er ut i frå kva som blir utført. Både moral og Norske lover er imot tvang i form av slavedriving eller utpressing. Men det er den enkle sida, for vil du sei at staten Norge ikkje utfører tvang eller utpressing på folket? Eg vil sei ja, det blir utført. Den enkle forma er ved straff av lovbrot og botlegging. Det i seg sjølv er noko som kan stillast spørsmål rundt, men er også berre overflata.

Norske lover er logisk feilaktige. For lov paragraf 251 om Tvang seier: «Med bot eller fengsel inntil 2 år straffes den som ved straffbar eller annen urettmessig atferd eller ved å true med slik atferd tvinger noen til å gjøre, tåle eller unnlate noe.» Samstundes som lov om skatt på krevje at me betale den skatten regjeringa bestemmer. DVS at lover seier at tvang er ulovleg men staten har lov på grunn av i anna lov; Kvifor kan staten bryte lover?
Eit anna tilfelle er at i.f paragraf 254 om Frihetsberøvelse fortel at: «Den som ved innesperring, bortføring eller på annen måte rettsstridig fratar noen fridomen, straffast med bot eller fengsel inntil 3 år.» Den lova i seg sjølv er sjølvmotseiande. Altså om nokon fengsle nokon, så har nokon andre lov til å fengsla, dei som fengsla nokon først?... humm?

Det er litt det same som Larken Rose viser til: at om ei gruppa med folk tar ein % av lønna di eller tvinge deg til å gjera noko du ikkje vil, eller fengsle deg så er det ulovleg. Men om ei anna gruppa som heiter politi og er betalt av staten gjere det sama så er det plutseleg lov?

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-05-20-28/KAPITTEL_2-9?q=slave